Blixprisen til Sissel Horndal!

Forfatter Sissel Horndal fra Sørfold får Blixprisen 2015 for sitt barnelitterære forfatterskap. Prisen ble delt ut 12. november under Arvid Hanssen-festivalen i Lenvik.

Sissel Horndal

Sissel Horndal. Foto:Marianne Horndal.

Hedre forfattere som skriver for ungdom

Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir hvert år gitt til en nordnorsk forfatter som skriver nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttene sier at det om mulig skal legges vekt på å hedre yngre forfattere og forfattere som skriver for ungdom. Prisen er på 15 000 kroner.

Prisen blet delt ut på Lenvik bibliotek 12.november, under Arvid Hanssen-festivalen. 

Vi gratulerer!

Sissel Horndal er bosatt i hjembygda Mørsvikbotn i Sørfold, der hun arbeider som forfatter, illustratør og kunstner.

Siden prisvinneren og juryen skriver på nynorsk, har vi valgt å gjengi begrunnelsen på nynorsk, slik den er formulert i pressemeldingen:

Frå juryens grunngjeving:

Vinnaren av årets Blix-pris har gjennom ei årrekke, heilt sidan debuten i 1998, gleda og overraska barn og vaksne med bildebøkene sine. Med stilsikre illustrasjonar, originale forteljingar og stødig språk har ho utvida det rommet som heiter barnelitteratur.

Titlar som ei halspastillhistorie, himmelspringaren viser det som er adelsmerket til Sissel Horndal, ei overraskande og uventa vinkling på ein tittel, ei historie.

Ho er ikkje snau når ho tar for seg av historierikdomen som er rundt oss frå notid og fortid; her er havfrua, Gud, sirkus og den bortkomne sauen, huldra, hekser og anna merkelege folk.

Kaja

Horndal viser at det skal vere rom for alle, om ein er ein lilla sau eller ei lita jente med raudt hår. Horndal har eit eige skeivt blikk, både gjennom tekst og bilde, som får lesaren til å forstå kva det vil seie å vere romsleg, at det ikkje nødvendigvis finst berre ein måte å vere på eller gjere ting på.

Alt dette gjer ho med eit bildespråk med sjølvtillit og ein skarp penn. Når ho i tillegg lar bøkene sine vere i kontakt med dei evige forteljingane, lagar ho ein høgare himmel over barneliva enn dei fleste.

Det er vi som er lesarane, store og små, særs takksame for.

Juryen for Blix-prisen: Kine Hellebust, Ragnfrid Trohaug og Steinar Aas

Sist oppdatert den 27. november 2015